Senterpartiet om likelønn
Likelønn Likelønnskommisjonen
|
Del artikkelen med venner og kolleger
|
|
- Vi vil halde fram med å betre økonomien innanfor offentleg sektor slik at dei typiske kvinneyrka innan denne sektoren kan gjevast ein lønsauke, seier Erling Sande frå Senterpartiet.
I denne intervjuserien forteller partiene på Stortinget hvordan de jobber for å lukke lønngapet mellom kvinner og menn. (Les hele intervjuet på likelonn.no)
Erling Sande er Senterpartiets representant i Familie- og kulturkomiteen.
- Hvorfor har vi lønnsforskjeller mellom kvinner og menn?
- Det finst klare historiske forklaringar knytte attende til den tida då få kvinner var i inntektsgjevande arbeid. Den aukande yrkesdeltakinga blant kvinner har gått via deltidsstillingar og lågt betalte jobbar.
- Eg synest det er vanskeleg å forklare– og akseptere – at vi i dag har ein situasjon der kvinner vert betalte dårlegare enn menn for same arbeid.
- Hva vil Senterpartiet gjøre for å lukke lønnsgapet mellom kvinner og menn?
- Vi må innsjå at vi ikkje får likeløn utan full likestilling. Lovverket må skjrpast slik at kvinner vert likebehandla ved tilsettingar og opprykk. Nokon må sjå til at lova vert følgt.
- Det må lovfestast at pensjonspremiar skal vere kjønnsnøytrale.
- Hvilke resultater ønsker Senterpartiet at skal komme ut av Likelønnskommisjonens arbeid?
- Eg vonar at vi gjennom kommisjonen sitt arbeid kan få ein solid dokumentasjon på dei gevinstane vi kan oppnå ved at alle menneske får utnytta evnene sine best mogleg.
- Kommisjonen må retta kritisk søkjelys på lovverk som ikkje fungerar godt nok. Dette gjeld i særleg grad alt regelverk omkring permisjon og tilskot ved fødsel.
www.likelonn.no (6.5 2007)
Du må være logget inn (eller registrere deg) for å delta i diskusjonen.
|
|